Hornindal fritidsklubb

Ungdomane sin møtestad.

Aldersgruppe: 12 til 20 år

Hornindal Fritidsklubb er ein sjølvstendig organisasjon med eige styre. Det er Hornindal Frivilligsentral som har ansvaret for den daglege drifta. 

Fritidsklubben arrangerar Open hall for 5-8 klasse ein gong i månaden. Dette er eit populært tiltak der ungdom møtast for spel og leik. Foreldra til elevar i 7.klasse stiller som vakter og har også, saman med elevar frå 7.klasse, ansvaret for kiosken, der inntektene går til klassekassa. 

Fritidsklubben har ope for ungdomstrinnet i Grosalen kvar onsdag (vi føl skuleruta) kl. 18-21. Her er det foreldra til ungdomane som har ansvar for vakthald og kiosk. 

Vi er avhengige av at ungdomen engasjerar seg og at foreldre er med og hjelper til for at vi saman skal kunne skape ein fullverdig og god Fritidsklubb. 


2024 © Hornindal frivilligsentral