Aktivitetsven for personar med demens

Som aktivitetsven er du med på å gje menneske med demens fleire gode opplevingar i kvardagen.

Med ein aktivitetsven kan personar med demens få moglegheit til å fortsette med sine vanlege aktivitetar. Den frivillige aktivitetsvenen og personen som har demens gjer ulike aktivitetar saman, som å trene, gå tur, gå på teater eller kino, fiske, måle, eller berre møtast for ein prat over ein kopp kaffi. Fritidsaktivitetar og gode opplevingar har positiv effekt, sjølv for menneske der sjukdommen har kome so langt at opplevingar raskt vert gløymde. Dei gode følelsane og stemninga varer. 

Å vere aktivitetsven ivaretek frivillig engasjement på ein direkte og meiningsfull måte, og du bestem sjølv kor mykje tid av tida di du vil bruke.

Du kan lese meir om Aktivitetsven for personar med demens her: https://nasjonalforeningen.no/tilbud/aktivitetsvenn-for-personer-med-demens/ 


Ta kontakt med ein frå arbeidsgruppa for meir informasjon eller spørsmål om aktivitetsven for personar med demens;


Marte Kristi Utvær – demensteamet omsorgssenteret - 970 42 742

Linda Fotland Fænn – demensteamet heimetenesta - 90734487

Kirsti Flø – Nasjonalforeningen Hornindal Demensforeining - 412 05 289


2024 © Hornindal frivilligsentral