-
Aktivitetsven for personar med demens
Som aktivitetsven er du med på å gje menneske med demens fleire gode opplevingar i kvardagen.
Ta sjansen, Hornindal
Ta sjansen er ein morosam konkurranse der ein brukar ein «båt» for å skli ned ein rampe og ut i vatnet.Aldersgruppe: For alle
Hornindal Frivilligsentral arrangerar Ta sjansen, Hornindal på Kulturdagane 4.aug. 24 kl 14.30
Påmelding innan 18.juli.
Konkurransen går kort sagt ut på å kome seg ned rampa og ut til ei bjølle i vatnet raskast mogleg med ein sjølvbygd "båt". Båten kan vere laga av det ein har for hand, til dømes ein gummibåt, eit akebrett eller ein gamal lenestol. Det vert premiering for mest kreativ farkost/kostyme.
Juryen er sett saman av ungdom og vaksne frå Hornindal.
Vi treng frivillige til ulike oppgåver under arrangementet!
Ønskjer du å delta, eller vere med som hjelpar? Då kan du ta kontakt med Hornindal frivilligsentral på tlf 41512813
Del på:
-
Besøksvenn
Mange eldre i Hornindal har behov for nokon å prate med. Nokon bur på omsorgssenteret, andre bur heime.
-
Bil for røyrslehemma
Bil for rullestolbrukarar og andre rørslehemma i Hornindal
-
Boccia
Vi arrangerar Boccia i Groparken i sumarmånadane når det ikkje er seniortreff. Oppstart 2024: 05. juni kl 13.00
-
BUA Hornindal
BUA står for Barn og Unge i Aktivitet, og stiftinga BUA jobbar blant anna for at barn og unge skal få mulighet til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar utan å auke forbruket. Vi jobbar for inkludering og auka deltaking i aktivitet, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn, gjennom utlån av tur- og friluftsutstyr. Tilbodet er ope for alle og det er gratis å låne.