Hang out for ungdom i Hornindal

Ungdomane sin møtestad.

Aldersgruppe: 12 til 20 år

Hang out er ein lågterskel møtestad for 7, 8, 9 og 10. klasse ved Hornindal skule. Vi har ope i Grosalen kvar onsdag (føl skuleruta) kl. 18-20.30. Her kan ein spele brettspel, sjå film, spele på playstation, Teste ut VR-briller, spele biljard, foosball og ping pong, eller berre henge smaan med vener om ein vil. 

Foreldre stiller som frivillige vakter, og har ansvaret for ungdomane medan dei oppheld seg i Grobygget. Vi er avhengige av at ungdomen engasjerar seg og at foreldre er med og hjelper til for at vi saman skal kunne skape ein fullverdig og god møtestad.

Dette er ei midlertidig løysing medan Ung i Volda (kulturavdelinga i Volda kommune) jobbar med å få på plass sine aktivitetar for ungdom. 



2025 © Hornindal frivilligsentral