-
Aktivitetsven for personar med demens
Som aktivitetsven er du med på å gje menneske med demens fleire gode opplevingar i kvardagen.
Seniortreff
Ein uformell møtestad for alle over 55 år.Aldersgruppe: Fra 55 år
Seniortreffet byr på kaffi, ein matbete, hyggjeleg samvær og variert program. Alt dette for ein 50-lapp! Vi møtast i kommunestyresalen på Smia kvar onsdag (utanom heilagdagar og sumarferie) kl 15.oo. I tillegg vert det organisert fellesturar (omlag to i året) og julemiddag.
Frivillige vertar syter for servering og varme på Huset vårt, medan frivilligsentralen organiserar verts-turnus og programinnslag.
Kom og bli med!
Del på:
-
Besøksvenn
Mange eldre i Hornindal har behov for nokon å prate med. Nokon bur på omsorgssenteret, andre bur heime.
-
Bil for røyrslehemma
Bil for rullestolbrukarar og andre rørslehemma i Hornindal
-
Boccia
Vi arrangerar Boccia i Groparken i sumarmånadane når det ikkje er seniortreff. Oppstart 2024: 05. juni kl 13.00
-
BUA Hornindal
BUA står for Barn og Unge i Aktivitet, og stiftinga BUA jobbar blant anna for at barn og unge skal få mulighet til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar utan å auke forbruket. Vi jobbar for inkludering og auka deltaking i aktivitet, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn, gjennom utlån av tur- og friluftsutstyr. Tilbodet er ope for alle og det er gratis å låne.