-
Aktivitetsven for personar med demens
Som aktivitetsven er du med på å gje menneske med demens fleire gode opplevingar i kvardagen.
Seniortrim
Styrketrening for både menn og kvinner over 50 år.Aldersgruppe: Fra 55 år
Dette er eit svært populært tilbod for dei over 50 år. Vi samlast i dansesalen i Honndalshallen kvar tysdag kl 10, for ein time med styrke- og balansetrening.
Økta er leia av Wenche Røberg som er ein super motivator og instruktør.
Det er gratis å delta, og krev ingen forkunnskap!
Vel møtt!
Del på:
-
Besøksvenn
Mange eldre i Hornindal har behov for nokon å prate med. Nokon bur på omsorgssenteret, andre bur heime.
-
Bil for røyrslehemma
Bil for rullestolbrukarar og andre rørslehemma i Hornindal
-
Boccia
Vi arrangerar Boccia i Groparken i sumarmånadane når det ikkje er seniortreff. Oppstart 2024: 05. juni kl 13.00
-
BUA Hornindal
BUA står for Barn og Unge i Aktivitet, og stiftinga BUA jobbar blant anna for at barn og unge skal få mulighet til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar utan å auke forbruket. Vi jobbar for inkludering og auka deltaking i aktivitet, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn, gjennom utlån av tur- og friluftsutstyr. Tilbodet er ope for alle og det er gratis å låne.