-
Aktivitetsven for personar med demens
Som aktivitetsven er du med på å gje menneske med demens fleire gode opplevingar i kvardagen.
Matombringing
Eit tilbod til dei som ynskjer å få varmmat levert på døra.Det blir køyrt ut mat tysdag, torsdag og søndag. Det er frivillige sjåførar med rullerande turnus som hentar mat på kjøkenet til omsorgssenteret og køyrer det ut til dei som har bestilt.
Kunne du tenke deg å vere sjåfør? Ta kontakt med frivilligsentralen og meld di interesse.
Runden tek ca ein time, og sjåførane får køyregodtgjersle.
Del på:
-
Besøksvenn
Mange eldre i Hornindal har behov for nokon å prate med. Nokon bur på omsorgssenteret, andre bur heime.
-
Bil for røyrslehemma
Bil for rullestolbrukarar og andre rørslehemma i Hornindal
-
Boccia
Vi arrangerar Boccia i Groparken i sumarmånadane når det ikkje er seniortreff. Oppstart 2024: 05. juni kl 13.00
-
BUA Hornindal
BUA står for Barn og Unge i Aktivitet, og stiftinga BUA jobbar blant anna for at barn og unge skal få mulighet til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar utan å auke forbruket. Vi jobbar for inkludering og auka deltaking i aktivitet, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn, gjennom utlån av tur- og friluftsutstyr. Tilbodet er ope for alle og det er gratis å låne.