-
Aktivitetsven for personar med demens
Som aktivitetsven er du med på å gje menneske med demens fleire gode opplevingar i kvardagen.
Volda Demenskor
Eit kor der musikkglede, samhald og openheit er sentraltVolda Demenskor vart etablert i 2023 gjennom eit samarbeid mellom Nasjonalforeningen Hornindal demensforeining, Volda kommune, Høgskulen i Volda og frivillige lag og organisasjonar. Koret er leia av musikkterapeut Sunniva Ulstein Kayser og dirigent Ingrid Vik Henriksen.
Vi har korøvingar måndagar kl. 17-19 i musikkrommet på nye Volda ungdomsskule, Røysbakken 35. Korøvingane vert avslutta med eit felles måltid, der ein samlar koristar, pårørande og frivillige rundt bordet.
Å synge saman byggjer fellesskap og glede, og er ein flott aktivitet for personar med demens. Mange pårørande er også med og syng i koret, saman med andre frivillige.
Har du lyst å vere med, eller kjenner du nokon som dette kan passe for? Ta kontakt då vel!
Kirsti Flø: 41205289
Anne-Sofie Egset: 97169915
Del på:
-
Besøksvenn
Mange eldre i Hornindal har behov for nokon å prate med. Nokon bur på omsorgssenteret, andre bur heime.
-
Bil for røyrslehemma
Bil for rullestolbrukarar og andre rørslehemma i Hornindal
-
Boccia
Vi arrangerar Boccia i Groparken i sumarmånadane når det ikkje er seniortreff. Oppstart 2024: 05. juni kl 13.00
-
BUA Hornindal
BUA står for Barn og Unge i Aktivitet, og stiftinga BUA jobbar blant anna for at barn og unge skal få mulighet til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar utan å auke forbruket. Vi jobbar for inkludering og auka deltaking i aktivitet, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn, gjennom utlån av tur- og friluftsutstyr. Tilbodet er ope for alle og det er gratis å låne.