BUA Hornindal

BUA står for Barn og Unge i Aktivitet, og stiftinga BUA jobbar blant anna for at barn og unge skal få mulighet til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar utan å auke forbruket. Vi jobbar for inkludering og auka deltaking i aktivitet, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn, gjennom utlån av tur- og friluftsutstyr. Tilbodet er ope for alle og det er gratis å låne.

BUA Hornindal  er sjølvbetjent og ope for registrering av lån og innlevering av utstyr 08.00-22.00 mandag til søndag. Vi held til i Grobygget, med inngang ved scena i Groparken, Ytrehornsvegen 14. 

Låneprofil og medlåntakar i BUA.no

Med ein låneprofil i BUA.no kan du låne utstyr på alle BUA i heile landet. Man vere 18 år for å opprette låneprofil. Barn under 18 år kan låne utstyr, forutsett at føresette (ansvarlig låntakar)legg dei til som «Medlåntakar» i sin låneprofil. Både ansvarlig låntakar og medlåntakarar må verifisere personopplysningar med Vipps og/eller epost og telefonnr, eller ved å ta kontakt med Hornindal frivilligsentral (må vise gyldig legitimasjon). Etter dette kan mindreårige/medlåntakar låne utstyr utan at føresette treng å møte opp i BUA. Ansvarleg låntakar får varsel når medlåntakar registrerar eit lån. 

Når mindreårige brukar utstyr lånt i BUA er det ansvarleg låntakar som eransvarleg for lånet. Les meir om dette på BUA.no. Låntakar er erstatningspliktig ved skade på utstyr eller mista utstyr. Uhell kan skje, og vi krev ikkje erstatning etter små uhell dersom låntakar er grei og gjer beskjed om skaden. Elles kan låntakar bli fakturert for prisen av nytt utstyr, evt reparasjon.

Framgangsmåte for å låne utstyr i BUA Hornindal:

Opprett lånekonto her: http://www.bua.no/

Last ned BUA selvbetjening app

Last ned Unloc app

Scann QR-kode utanfor døra til BUA Hornindal med Unloc-appen for å kome inn.

Skann utstyret du vil låne i BUA selvbetjening-appen på mobilen. Finn du ikkje QR-kode på utstyret brukar du bokstavkoden.

Pass på at du har registrert alt du vil låne før du fullfører lånet. Du kan ikkje legge til meir utstyr når du har fullført lånet. Du kan heller ikkje ha fleire aktive lån samtidig.

Lånetida er ei veke, og du vil få påminning frå BUA pr. e-post. Du kan forlenge lånetida, men husk at det kan vere andre som ønskjer å låne utstyret. Ikkje returnert utstyr kan bli fakturert frå Volda kommune.

Ved innlevering, legg utstyret på plass der du fant det, på merka hylleplass. 

Gå inn i BUA selvbetjent-appen og merk lånet innlevert.

Husk å slå av lyset og låse døra med Unloc-appen.

Til deg som brukar BUA Hornindal

Gjer vel å hald det ryddig. 

Legg ustyret på plass der du fann det. 

Alt utstyr skal vere reint og tørt ved innlevering.

Det er påbode med flytevest ved bruk av Kano, kajakk og SUP (Sjøfartsdirektoratet). Både flyte- og redningsvestar finn du i BUA. 

BUA Hornindal krev våtkort for bruk av kajakk. Våtkort får du ved å ta padlekurs. Dette er for di eiga og andre si sikkerhet. Du treng ikkje våtkort for å bruke SUP og kano frå BUA Hornindal. 

Har du vore uheldig og øydelagt eller mista noko, eller finn du utstyr som ikkje fungerar som det skal? Gje beskjed til Hornindal Frivilligsentral. På den måten kan vi saman sørge for eit godt tilbud her i Hornindal.

Treng du hjelp med registrering eller har du andre spørsmål, ta kontakt med Hornindal frivilligsentral på 41512813


Velkommen og nyt aktive dagar med utstyr frå BUA Hornindal! 



2024 © Hornindal frivilligsentral