Søndag 4 August 2019
Kl. 13:00 - 17:00, Promenaden på gamle Coop-tomta
Ta sjansen
Ta sjansen er ein morosam konkurranse der ein brukar ein «båt» for å skli ned ein rampe og ut i vatnet.

Ta sjansen, Hornindal vart for første gong arrangert under kulturdagane i august 2018 av Friskllivssentralen og Frivilligsentralen. I 2019 tok frivilligsentralen, Hornindal Fritidsklubb og Volda ungdomsråd over arrangementet som eit samarbeidsprosjekt. No håpar vi at dette vert eit fast årleg arrangement under kulturdagane. 

Konkurransen går kort sagt ut på å kome seg ned rampa og ut til ei bjølle i vatnet raskast mogleg med ein sjølvbygd "båt".  Båten kan vere laga av det ein har for hand, til dømes ein gummibåt, eit akebrett eller ein gamal lenestol. Det vert også premiering for mest kreativ farkost/kostyme.

Juryen er sett saman av born og unge frå Hornindal og Volda, samt ein vaksen til å rettleie dei. 

Ønskjer du å delta, eller vere med som hjelpar? Då kan du ta kontakt med Hornindal frivilligsentral på tlf 578 79 814

2024 © Hornindal frivilligsentral