Sykling uten alder

Med rett til vind i håret.

Aldersgruppe: For alle

Ved omsorgssenteret i Hornindal står det ein Rickshaw-sykkel, ein elektrisk sykkel med plass til to passasjerar. Denne sykkelen er kjøpt inn for at bebuarane i omsorgsboligane og på sjukeheimen skal få muligheten til sykkelturar i nærområdet. Etter ei rask opplæring kan du ta med deg ein eller to passasjerar ut på tur og nyte ei stund med vind i håret.

Du kan lese meir om Sykling uten alder her: https://syklingutenalder.com/ 

Vi treng fleire pilotar til å trakke i pedalane. Kunne du tenke deg å vere ein av dei? Kanskje du har litt ledig tid ein gong i månaden – eller vil du bruke nokre timar i veka? Det er DU som bestemmer kor mykje, eller kor lite, du vil sykle. Ta kontakt med frivilligsentralen for meir informasjon og opplæring.


2024 © Hornindal frivilligsentral