Matombringing

Eit tilbod til dei som ynskjer å få varmmat levert på døra.

Det blir køyrt ut mat tysdag, torsdag og søndag. Det er frivillige sjåførar med rullerande turnus som hentar mat på kjøkenet til omsorgssenteret og køyrer det ut til dei som har bestilt. 

Kunne du tenke deg å vere sjåfør? Ta kontakt med frivilligsentralen og meld di interesse.

Runden tek ca ein time, og sjåførane får køyregodtgjersle. 


2024 © Hornindal frivilligsentral