DUG -Dans uten grenser (Avlyst)

Eit tilbod der ungdom skolerer born.

Dans utan grenser-modellen er utvikla av Dans utan Grenser i samarbeid med Helse og Sosialdepartementet og Norsk kulturråd. Modellen er bygd på ung-til-ung formidling der unge gjennomfører eit opplæringsprogram som gjer dei kvalifisert til å bli instruktørar for andre unge. Det året ein fyller 13 kan ein delta på opplæringsprogrammet. 

Her i Hornindal har vi to dansegrupper; ei for 3-4 klasse som har trening måndagar og ei for 5-7 klasse som har trening tysdagar. 

Vi treng vaksenvakter til å site vakt i hallen under treningane som føregår frå 14.45-16.00 begge dagar.

Kontakt

Volda kommune, Stormyra 2
6100 Volda

Organisasjonsnummer
995153521

Sosiale media

2021 © Hornindal frivilligsentral