Bil for røyrslehemma

Bil for rullestolbrukarar og andre rørslehemma i Hornindal

Aldersgruppe: 18 til 80 år

Bilen vert nytta til transport i pleie og omsorgsavdelinga, og er til utlån for rullestolbrukarar/ fysisk forflyttingshemma i Hornindal kommune. 

Sjåførane har fast turnus der dei har ansvar for bilen i ei veke om gongen. 

Likar du å køyre bil? Vi treng fleire frivillige sjåførar! 

Per i dag har sjåførane fast oppdrag onsdagar, der dei hentar brukarar heime og køyrer dei til dagsenteret om morgongen, og køyrer dei heimatt på ettermiddag. I sommarhalvåret har vi også blåtur for bebuarane ved Hornindal omsorgssenter på måndagane. 

2024 © Hornindal frivilligsentral