Besøksvenn

Mange eldre i Hornindal har behov for nokon å prate med. Nokon bur på omsorgssenteret, andre bur heime.

Er du sosial og likar å slå av ein prat med kjende og ukjende? Kanskje du også ynskjer nye bekjentskap? Du er hjarteleg velkomen som frivillig besøksven!

Det er opp til deg kor mykje av tida di du vil bruke, kanskje ein gong i månaden eller ein gong i veka?

Ta kontakt, så finn vi nokon å kople deg med. 


2024 © Hornindal frivilligsentral