-
Besøksvenn
Mange eldre i Hornindal har behov for nokon å prate med. Nokon bur på omsorgssenteret, andre bur heime.
Aktivitetsven for personar med demens
Som aktivitetsven er du med på å gje menneske med demens fleire gode opplevingar i kvardagen.Med ein aktivitetsven kan personar med demens få moglegheit til å fortsette med sine vanlege aktivitetar. Den frivillige aktivitetsvenen og personen som har demens gjer ulike aktivitetar saman, som å trene, gå tur, gå på teater eller kino, fiske, måle, eller berre møtast for ein prat over ein kopp kaffi. Fritidsaktivitetar og gode opplevingar har positiv effekt, sjølv for menneske der sjukdommen har kome so langt at opplevingar raskt vert gløymde. Dei gode følelsane og stemninga varer.
Å vere aktivitetsven ivaretek frivillig engasjement på ein direkte og meiningsfull måte, og du bestem sjølv kor mykje tid av tida di du vil bruke.
Du kan lese meir om Aktivitetsven for personar med demens her: https://nasjonalforeningen.no/tilbud/aktivitetsvenn-for-personer-med-demens/
Ta kontakt med ein frå arbeidsgruppa for meir informasjon eller spørsmål om aktivitetsven for personar med demens;
Marte Kristi Utvær – demensteamet omsorgssenteret - 970 42 742
Linda Fotland Fænn – demensteamet heimetenesta - 90734487
Kirsti Flø – Nasjonalforeningen Hornindal Demensforeining - 412 05 289
Del på:
-
Bil for røyrslehemma
Bil for rullestolbrukarar og andre rørslehemma i Hornindal
-
Boccia
Vi arrangerar Boccia i Groparken i sumarmånadane når det ikkje er seniortreff. Oppstart 2024: 05. juni kl 13.00
-
BUA Hornindal
BUA står for Barn og Unge i Aktivitet, og stiftinga BUA jobbar blant anna for at barn og unge skal få mulighet til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar utan å auke forbruket. Vi jobbar for inkludering og auka deltaking i aktivitet, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn, gjennom utlån av tur- og friluftsutstyr. Tilbodet er ope for alle og det er gratis å låne.
-
Hang out for ungdom i Hornindal
Ungdomane sin møtestad.